Kurs i markedshager

Vestlandet treng meir lokalproduserte grønsaker. Til hausten startar det opp eit kurs, 18.-19. november på Voss, for å gje ferske grønsaksdyrkarar ein god start på ein spennande driftsform for småskala grønsaksprodusjon; marknadshagar.

Bondens marknad og Norsk landbruksrådgiving vil vera hovudansvarlege for kurset i etablering og drift av marknadshagar. Dei erfarne grønsaksrådgjevarane frå Norsk landbruksrådgiving, Kari Bysveen og Hans Gaffke, vil vera kurshaldarar. Dei vil vise til praktiske tiltak for korleis ein kan lukkast med allsidig småskala grønsaksproduksjon, etter prinsippa for marknadshagar.

Marknadshagar er ein driftsform for intensiv og allsidig produksjon av grønsaker på 2-7 dekar, kor ein sel til kundar gjennom Bondens marknad, REKO-ringar, andelslandbruk, abonnementsordningar osb. Marknadsarbeid vil difor vera ein integrert del av kurset.

Vil du høyre meir om marknadshagar og kurset, møt opp på informasjonssmøte om marknadshagar og kurset, den 18. september i Skei i Jølster (Thon hotell) eller 19. september i Bergen (Lystgården, Landås).

Kva får du på kurset?
Grønnsaksrådgjevar Hans Gaffke frå NLR vil stå for kursinnhaldet på tre to-dagarssamlingar (18.-19.nov. i 2019 og veke 3 og 7 i 2020). Du vil óg få tilbod om å delta på sju webinarer med rådgjevar Kari Bysveen, med lang erfaring som grønsaksrådgivar og undervisning i landbruksfag. I tillegg vil du møte dyrkarar som allereie driv grønsaksproduksjon på vestlandet, og slik sikre utveksling av kunnskap om å drive grønsaksproduksjon vestpå.

Bondens marknad, Bybonden i Bergen og Fylkesmannen i Vestland (FMVL) vil stå for organisering og innføring i marknadsarbeid. Kontaktperson i Bondens marknad: Maya Riise: maya@bondensmarknad.no . Kontaktperson i Norsk landbruksrådgiving: kjersti.berge@nlr.no

Økologiske dyrkingsprinsipp ligg til grunn for kurset, men det passar like godt for deg som ynskjer å drive konvensjonelt.

Kurset vil legge vekt på at du sjølv skal få støtte og kunnskap nok lage ein driftsplan for din marknadshage, med mål om å starte eller betre din produksjon i dyrkingsesongen 2020. Dei som gjennomfører kurset og startar opp med grønsaksproduksjon i 2020, vil få tilbod om rådgjeving og deltaking i mentorordning.

Kvar, når og pris
Kurset vil ha oppstartsveke i veke 47, 18.-19. november, med dei to siste samlingane i veke 3 og 7 i 2020. Fyrste kurssamling er på Voss Vandrarheim, men stad kan endrast etter behov, for samlingane i 2020. Det vil og bli gitt tilbod om studieturar og inspirasjonssamlingar våren 2020.

Det er plass til 30 deltakarar på kurset. Bondens marknad ynskjer ein kort motivasjon for kvifor du vil delta på kurset. Skriv dette inn i påmeldingsskjema (eige felt).

Det er plass til 30 deltakarar på kurset og det kostar kr 2000,- per person å delta på alle tre samlingane inkl. webinarene. Deltakarane må betale overnatting, middag og reise til kursa sjølve. Lunsj og kaffe er inkludert i kursavgifta. Det er bindande påmelding til alle samlingane – du vil få tilsendt faktura når du er påmeldt kurset. Det er ingen refusjon av kursavgifta med mindre du kan vise til sjukemelding.

Er det aktive bønder som ønsker å leie jordbruksareal?

Etat for bygg og eiendom i Bergen kommune forvalter alle kommunale eiendommer, også de som er arvet fra Bergen Tomteselskap. Noen av disse eiendommene har jordbruksareal, og eiendomsavdelingen er nå opptatt av at disse arealene skjøttes i tråd med driveplikten i jordloven. Arealene leies ut til foretak.

 

Ta kontakt med Etat for bygg og eiendom ved Sophie Alvestad.

Kunne du tenkje deg å leige ut areal til åkerdrift?

Kunne du tenkje deg å leige ut areal til åkerdrift?

Bybonden i Bergen får stadig spørsmål frå folk som er på jakt etter areal som er eigna for grønsaksdyrking. Dette kan vere hobby-gartnarar som ser etter 40 m2 til å dyrke poteter, grønkål og liknande, eller nyutdanna gartnarar eller agronomar som ser etter 2-500 m2 for å teste ut produksjon i litt større skala.

Dei ser etter areal som har god matjord – helst ikkje myrjord, og som er nokon lunde sørvendt. I tillegg held Bybonden på med å utvikle ein app som skal gjere det lettare å finne areal for dei som ynskjer å dyrke, og som skal vere det lettare for landeigarar å eige vekk areal til åkerdrift. Om du har slike areal, eller om du veit om nokon, så vert Bybonden i Bergen glad for å høyre frå deg!

Ta kontakt på ida.kleppe@bondelaget.noeller 47331590

BERGENSBONDEN I FREMTIDEN

Velkommen til Åpent fjøs!

Velkommen til Åpent fjøs!

 

 

 

Felleskjøpet, Nortura, Tine og Bondelaget inviterer til åpent fjøs hos
Sted: Eivind og Marianne Myrdal, Jordalsveien 227, 5105 Eidsvåg i Åsane
Tid: lørdag 06.04.19 kl. 1100-1400

Fakta om fjøset:
Ombygd fra båsfjøs til løsdrift .
Melkekvote ca. 80.000 liter
16 liggebåser
35 % påsett
1×3 fiskebeinstall

Program:
– Åpning ved Gerd Lithun fra landbrukskontoret i Bergen
– Eivind forteller litt om prosessen og erfaringer fra første vinter i `nytt fjøs.

Grilling ved Nortura
Tine stiller med smaksprøver

Ja, det går an å bygge om fra gammalt til nytt i liten målestokk.
Benytt anledningen og ta turen!